The Phoenix på YouTube med «Statsraaden»

Publisert av:
5/11/2015 20:04

Kjetil Hestad spurde underteikna om å laga til noko. Mogleg han då tenkte på noko litt meir seriøst med kor og korps og meir til, men enden på visa vart ein rock’e-låt av den litt meir gamle sorten.

Då spørsmålet var presentert tenkte me på The Phoenix med ein gong, og etter ei kort veke med sonderingar fekk eg ja frå gruppa til framføringa. Anders Bakke fekk i oppdrag å skriva ein kort høvande tekst, og så kom melodien til litt etter litt her på Bua i Lunde.

Som folk sikkert hugsar var The Phoenix om bord og framførte melodien då Statsraaden vitja oss, men video og lyd vart ikkje ‘tape’ med god nok kvalitet den dagen. Difor har dei spela den inn på nytt og lasta opp på YouTube som eit minne om dagen då skuta var her. The Phoenix er eit temmeleg flott (og godt) orkester sett ut frå alder og kor lenge dei har spelt saman. Kvalitet og teknikk sit godt allereie, – noko me kanskje kan gje musikkskulen og korpsmiljøet mykje æra for.

Så må eg få takka Øystein Vaage som filma Statsraaden med ei drone i luftige svev over Våge den flotte dagen, – og at me fekk låna klypp frå dette materialet.

Kolbjørn Tvedt

[youtube]OaAUvg5f6uo[/youtube]