Takk for meg

Publisert av:
30/8/2008 22:00

Dei siste åra har vist at her ikkje er grunnlag økonomisk å driva på skikkeleg vis. Jobb- og privatsituasjonen min har etterkvart endra seg og det er blitt for stort å ha som hobby. Det er mykje arbeid å driva ei slik nettside, mykje meir enn kva som viser på pc-skjermen din. Takk til dei som har bidratt desse åra og firma/lag som har annonsert! Det har vore interessant og lærerikt for meg å byggja opp og driva Tysnesingen, men det har også gått masse tid med oppdateringar både seint og tidleg. Håpar du har hatt glede av Tysnesingen :)  Takk for meg! Gunnar.