Ta turen innom biblioteket

Publisert av:
3/12/2013 11:33

Elling Skartveit sine skipsmodellar har vore beundra av mange, og etter eit oppslag nyleg på Tysnes før i tio på Facebook var det endå fleire som ytra eit ønskje om å få sjå båtane stilt ut. 

I desember blir skipsmodellane å sjå på Tysnes folkebibliotek, i vanleg opningstid. Forutan den gamle Amerika-båten MS Oslofjord vil Elling Skartveit også ha med tre andre modellar han har laga. 

Det er rett og slett utruleg at nokon kan ha greidd å få til noko slikt, så smått og fullt av detaljar som det er. Skartveit kan fortelja at absolutt alle delane på skipsmodellane er slikt som han har hatt liggjande heime, ingenting er ferdigkjøpt. Han må med andre ord ha vore svært oppfinnsam for å få til noko slikt. Men så har det då også teke si tid – 8-10 år, meiner han sjølv. 

Det byrja i 1956 med ei lita utgåve av MS “Bosphorus”. Då var Elling 16 år. Åtte år etterpå hadde ambisjonane blitt større, og Mowinckel-båten MS “Sunda” vart plassert på eit skap i stova. Ved sida kom så MS “Oslofjord” kring 1975.  Sidan laga han ein tilsvarande modell av søsterkipet MS ”Bergensfjord”.

Elling H. Skartveit starta byggearbeidet på MS Oslofjord kring 1965, men først om lag 10 år etter var skipet ferdig. Kvar minste detalj har han laga sjølv – ingenting er kjøpt. Før arbeidet starta hadde han skaffa seg konstruksjonsteikning av skipet, og mengder av bilete vart studerte nøye med tanke på å få alt så korrekt som mulig. Sidan laga han ein tilsvarande modell av søsterskipet M/S Bergensfjord. 

Ta turen innom biblioteket og sjå desse fantastiske modellane! Utstillinga blir ståande frå onsdag 4. desember og ut månaden.

Knut Rage, Tysnes Folkebibliotek