Stjernereiso Barnehage

Publisert av:
17/3/2017 16:01

Denne spreke gjengen på Utegruppa, Stjernereiso Barnehage tok i dag turen til Blåbærhaugen.
11 barn, 2 vaksne og tre foreldre trossa sludd og vind og gjekk til toppen for kreftsaka.

Me synest det er kjekt å utforska andre plassar på Tysnes enn berre nærområdet til barnehagen! Det var ikkje akkurat vêr til å sitja på toppen og nyta nista si i dag, så me har varma oss med kakao og litt mat i barnehagen etterpå.

God helg frå oss :-)