Skeising på Vevatnet

Publisert av:
15/1/2010 21:02

Før elevane frå Lunde skule fekk sleppa utpå isen, hadde lensmann Lorentz Lunde vore og sjekka at isen var trygg med over 5 tommar tjukknad.

Isen var ikkje av den beste, og det ligg eit tynt lag med snø enkelte stader, men det ligg blank is i “gater” utover på kryss og tvers.

Elevane storkoste seg på Vevatnet. Nybyrjarar fekk trena å gå på skeiser, andre kappskeisa, leika hauk og due, tikken og til sist vart spennande små grotter langs land utforska!

Det er Lunde skule som skriv dette på si nettside, der ligg det også fleire bilete frå skeisedagen deira, klikk her >>>

Alle bilete: lunde.skule.no