Siste veke med sommarope på biblioteket

Publisert av:
27/7/2010 19:13

Mange har funne vegen hit i løpet av sommaren, både fastbuande, hyttefolk og turistar – og fleire kjem tilbake år etter år. Sommarope bibliotek er definitivt kome for å bli!

Det er no berre få dagar att før ferielukking i august. Det tyder m.a. at innlån frå andre bibliotek ikkje vert ekspedert denne veka. Samstundes vil me be om at dei som enno ikkje har returnert bøker som er lånt inn frå andre bibliotek gjer det snarast mogleg – det gjeld i første rekkje pensumbøker og dvd’ar. Bøker og anna materiale som tilhøyrer Tysnes folkebibliotek kan venta til etter ferien. Det er dessutan mogleg å levera inn i kassa utanfor inngangsdøra til biblioteket i Tysneshallen.

Siste opningsdag før ferielukking er fredag 30. juli. Første opningsdag til hausten vert tysdag 31. august. Då går biblioteket over til vanleg kveldsope att.

Ha ein fortsatt triveleg sommar!