September Open Tysnes (II) P&P, uttak OoM 18 hol

Publisert av:
20/9/2016 08:58

Tysnes Golfklubb har bane i Tysnes kommune, Hordaland. Dalen Golfbane er ein 6-holsbane som også er tilpassa Pitch & Putt spel. Pitch & Putt vert spelt med tre ulike utslag pr. green. For meir informasjon om banen, sjå www.tysnesgolf.no.

Program

Det vert spelt over 18 hol – Slagspel m/brutto- og nettoresultat. Turneringa inngår i Tysnescupen og Order of Merit (OoM). Start shotgun kl. 13.00.

Spel/reglar: Ikkje krav til klubbtilhøyring. Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA (Federation of International Pitch & Putt Associations).

– Runden vert spelt med 2 køller og puttar.

– Utslag skal skje frå peg, som skal vera minimum 5mm høg på kunstgrasmatter.

 

Elles skil reglane seg ikkje stort frå vanlege golfreglar.

Lokale reglar elles står på scorekortet.

Startkontingent: Kr 200,- (inkl. avgift OoM). Betaling i golfshopen ved oppmøte/registrering. Møt opp i god tid. Startkontingenten inkluderer dagsgreenfee på korthols/P&P-banen.

Påmelding innan 23. september på mail til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977 eller 97155256. Dersom ledig plass kan også påmelding skje før start, seinast kl. 12.30.

 

Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal. www.tysnesgolf.no