Rift etter omnar

Publisert av:
7/12/2010 19:57

Den kalde novembermånaden i år har fått avisene til å skriva opp og i mente om salet av ved og vedutsal som går tomme.

Men folk handlar ikkje berre ved. Elektriske omnar er det også etterspurnad etter no i kuldeperioden. Det stadfester Lars Petter Epland hos Vågebuo.

– Me har merka at det er tidleg vinter og har seld ganske mange omnar dei siste vekene, seier Epland til Tysnesingen, men legg til at dei framleis har omnar inne i butikken for sal dersom frostige tysnesingar treng å få opp varmen litt ekstra.

– Etter nyttår sist vinter var det ikkje ein omn å få tak i på grunn av den kalde vinteren me hadde då. Men no passar me på å ha nok på lager, seier han.