Revansje!

Publisert av:
5/11/2013 14:15

For 14 dagar sidan var me å spelte i den nye leikestova til Sotra – Sotra Arena. Kjempehall, kan ikkje nett sei det samme om kampen vår. Fyrste 15min hadde me god kontroll på kampen, men så begynte ulike ting å skje, humøret forsvant, og då forsvant også det gode angrepsspelet. Kampen tapte me med 2 sure mål (me trudde det var 3, men det er innregistrert på nettet med 2!) 25-23.

Så, humøret og lysten til å visa Sotra at det kun var eit arbeidsuhell som gjorde til at dei vant sist, var STOR på søndag!!

Sjølv om det kanskje vart ein jevnare kamp i 1.omgang enn ka me sette pris på, så behaldt me roen og ikkje minst humøret! Me jobba videre på det laget er så god på, og uttellingane kom. Sotra vart straffa både med 2 min. og mål i mot! Trur heller ikkje dei var heilt forberedt på at laget skulle vera totalt forskjellig i frå bortekampen 14 dagar tidlegare. Denne kampen SKULLE Tysnes vinna, og jentene ga aldri Sotra mulighet til å komma inn att i kampen. Med Ina i storslag (toppscorer 13 mål), som også fekk resten av laget med seg, vant Tysnes «lett» 27-19. Laget takkar for kjempeflott publikumstøtte denne dagen!  

Laget: Tamara, Ina, Anna Drothea, Thea, Nora, Eli, Eline, Kristianna, Kathrine, Ruth Johanne og Martine

På lørdag er det ein ny «skalp» som skal tas! Då er det Bergen som kjem på besøk – kl.14.05 i Tysneshallen!

Jorunn Dalland
Sportsleg leiar/Dommarkontakt, Tysnes IL