Oppdateringskurs

Publisert av:
23/8/2017 14:10

Feltkontrollør av hjortevilt er ei godkjenningsordning der jegerar vert kursa til å kunne godkjenne kjøtt og på den måten kunne selje/omsette godkjent hjortevilt både til sluttforbrukar men og til for eksempel hotell og restaurant drift.

På Tysnes vart det i 2010 og 2011 arrangert fleire kurs for feltkontrollører og vel 20 deltakarar frå desse kursa fekk no høyre om endringar i bransjestandard og sentrale emne som CWD sjukdom på hjortevilt og effektar av bly-ammunisjon i viltkjøtt.

Eit veldig interessant kurs og mange gode diskusjonar og meiningsutvekslingar i salen.

Kurshaldar var Arve Aarhus frå Skogkurs og Arne Oftedal frå mattilsynet.

Tekst: Richard Skorpen, Foto: Bjarte Erstad.