Open dag

Publisert av:
10/3/2010 16:50

Tysnes Kraftlag og Tysnes Breiband inviterte til Open dag. I dei fire timane det varte var det mange interesserte og skuelystne innom administrasjonsbygget til Tysnes Kraftlag.

Her fekk selskapa vist fram om Altibox, korleis ein kan følgja straumforbruket på internett, og informasjon om kva nettleiga går til.

Elevar frå 10.klasse har jobbar som juniorinstruktørar for å visa funksjonar på Altibox, og dei var på plass. Det var også på plass ein IKT-konsulent frå Sunn it AS, som svara på spørsmål om pc-problem.

Det var også eit lite miniseminar der Steinar Austfjord fortalde litt om Tysnes Kraftlag som samvirkeforetak.