Nei til attval

Publisert av:
29/7/2010 20:31

Helge Hauge har alt bestemt seg for ikkje å ta attval når me skal stemma ved kommunevalet neste haust.

Hauge har vore ordførar i Tysnes i til saman 20 år (periodane 1983-95 og 2003-2011).

– No vil eg bruka tida på andre ting i åra som kjem seier 66 år gamle Hauge til avisa Sunnhordland.

Sunnhordland har hatt ein spørjerunde blant ordførarane i Sunnhordland om dei tek attval. Det er berre Helge Hauge som har bestemt seg, dei andre ordførarane i Stord, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad har enno ikkje teke standpunkt til kva dei skal gjera.