Musikknytt – Anders Bakke med plateslepp til helga

Publisert av:
25/11/2010 07:47

Femten melodiar med store variasjonar og enda fleire aktørar med, – ni nyinnspelte og seks melodiar som er laga tidlegare. Dette er faktisk eit lite monument over fleire års innsats der Anders står som forfattar og komponist for dei fleste tekstane og melodiane. Nokre få låtar er komponert av andre, noko som berre gjev større spennvidde og dynamikk i prosjektet.

Etter å høyrt gjennom alle melodiane kan eg trygt sei dette er eit fullverdig godt produkt med meiningsfylte tekstar og flotte arrangement. Endre Hodneland sine arrangement pregar sterkt dei nyinnspelte låtane, – og saman med god produksjon i miksing og mastring er totalinntrykket veldig bra. Eg kan ikkje ta med alle som har vore med her, men Marianne Tvedt har fleire flotte soloinnslag saman med Anders på plata.

Sjølvsagt er ’Seila heim’ og ’Dag for dag’ med, – denne siste gjev namn til heile prosjektet. Eg trur melodien ’Dag for dag’ mogleg har eit potensiale for å bli spelt både i radio og på mange mp3 spelarar framover. ’Seila heim’ er vel allereie vorten den nye lokale nasjonalsongen, – i alle fall av den meir kvardagslege kategorien.

Så skal det vera ein lokalt produsert julepresang i år under treet bør det verta denne flotte CD plata. Eg har ikkje terning og likar ikkje terningkast frå kritikarar som ofte er veldig lite objektive, – men vil tru dette må vera ein sterk seksar i så høve.

Sjå etter Anders som signerer plata si på fredag i Våge og laurdag i Lunde.