Minst 604 hjortar felt på Tysnes

Publisert av:
10/2/2013 11:36

Innrapporterte fellingar på Tysnes syner så langt 48 fleire felte Hjortar i 2012 enn i 2011.

Då Tysnesingen.no var i kontakt med Johan Bergerud på landbrukskontoret i førre veke var det forstatt eit par vald som ikkje hadde levert inn fellingsresultata, men han rekna med at desse kom med i statistikken i nær framtid, tala må lesast med eit lite atterhald om at fellingstala kan verte enda høgare for Tysnes om ikkje desse er komne med.

I 2011 vart det felt 556 hjortar i Tysnes, i 2012 vart det felt 604. Altså ein auke på heile 48 dyr. Det er verdt å merke seg at denne auken ikkje samsvarar med Vestlandet sett under eitt.

Bergens Tidende har i dag ein stor artikkel om hjortejakta på vestlandet, og her kjem det fram at i Hordaland og Sogn og Fjordande vart det felt over 1000 færre dyr i 2012 enn i 2011. Det er spesielt i Sogn og Fjordande at nedgangen er stor.

Det er ingen stor dramatikk i desse tala. I mange kommunar har ein ynskja å justere ned størrelsen på hjortestamma, og det er truleg det som no har skjedd. Litt harde vintrar siste åra kan og ha bidrege til ei mindre hjortestamme. 

At jegerane på Vestlandet har vore mindre på jakt er lite truleg sidan dei i 2012 for fyrste gong hadde utvida jakttid; frå 1.september til 23. desember.

Statistikk for nærliggande kommunar:

                  2011     2012

Bergen:       312       344

Os:              152       192

Fusa:           576       552

Austevoll:      92         85

Stord:          115       135

Bømlo:         164       142

Kvinnherad: 1250     1200