Matoma er klar for Tysnesfest!

Publisert av:
26/3/2015 08:27

Matoma er ein 23 år gammal DJ og produsent frå Trondheim. I sist veke gjekk hans nye versjon av den gamle klassikaren til The Notorious B.I.G inn som nr 1 på Global Viral hits på Spotify. Det er også annonsert at han skal spele på ein av verdas viktigaste festivalar i EDM-verda, nemlig Ultra Music Festival i Miami.

Med ein fersk bachelorgrad i musikkteknologi, eit pianotalent av dei sjeldne, og ein stigande DJ- og produsent-karriere, handlar livet hans stort sett om musikk relatert til house- sjangeren. Matoma er eit hardtarbeidande talent med ein teft for fengande melodiar og produksjonar av høg kvalitet. Hans kjærleik for ekstraordinære vokal-talent og fengande tekster har ført han til ei verd av remixing, og lagar ein heilt ny stemning på eksisterande hitlåtar. Hans fyrste remix The Notorious BIG ft. Ja Rule “Old Thing Back” førte han til toppen av listene på Hypemachine. Dette viser at han er verdt å følgje godt med på i tida som kjem! På bare fem månader gjekk han frå å være ukjent til rundt 10 000 000 remix-avspelingar av kjente artistar som  Enrique Iglesias, Imagine Dragons, Sara og Tegan, Truls og Marit Larsen. 

I løp av åra som DJ har Matoma vore support for Otto Knows, Donkeyboy og David Solano Life in Color. I år har han endeleg fått den heideren han er verdig med internasjonale spelejobbar på nokre av dei hottaste stadane i Norge, Sverige, Danmark, Frankrike og Canada. I 2015 vil han vere ein av dei viktigaste artistane på nokre av dei største festivalane i Norge og Canada. Det er ikkje lenge til heile verda får auga opp for han, og me garanterer eit ”kvar var du da Matoma spelte på Tysnesfest” –augneblikk !

Video her.