Månen e’ en Sveitserost

Publisert av:
27/3/2014 07:03

I fantasiverda kan ein kanskje tru månen er ein ost, eller rettare sagt ein sveitserost.

Dette tema vart til ein tekst og ein song som Monica Utne har ute på NRK P3 Urørt for tida.

Orkesteret bak er for dette høve kalla Ostecompagniet og songen heitte «Månen e’ en Sveitserost».

Det har vore meir moro enn alvor, noko ein kan høyra i slutten av songen.

Melodien kan vel kallast lett rock, litt for born mulig, eller for barnslege vaksne.

Monica syng trestemt med seg sjølv på si eiga klingande dialekt, og alt dette kan de høyra her på denne lenkja: urort.p3.no

Tekst og foto: Kolbjørn Tvedt