Må halde same farten som dei andre

Publisert av:
3/9/2014 07:00

Før hadde Rødne Fjord Cruise fritak frå fartsavgensinga på 9 knop. men frå måndag 1. september gjekk denne dispensasjonen ut, og selskapet har ikkje fått fornya dispensasjon til å kunne fortsetja med 25 knop gjennom sundet.

Kystverket har berekna at rutebåten M/S Rygerfonn vil nytta mellom 4 og 5 minutt meir på turen når farten no må reduserast på denne strekninga. 

Rødne Fjord Cruise seier til BT i dag at dei kjem til å anke denne avgjersla. – Eg veit at nokre reagerer, men ser ikkje problemet med praksisen vår i Lukksund. Fartsgrensa kom på 1950-talet, då det gjekk fjordarbåtar som laga alvorleg mykje større bølger enn det våre fartøy gjer i dag, seier Lars A. Rødne.

Du kan lese meir om denne saka på Bt.no.