Kva med å delta i 4H?

Publisert av: Dagfinn Sandvik
28/1/2019 12:30

Er du i aldersgruppa mellom 4. klasse, til og med 18 år, og har lyst til å vere med på sosiale å hyggelige arrangement? Då er 4H det rette for deg!

I staden for å tilbringe ein heil dag foran diverse tv-spel og mobil telefon, kan ein heller få vere ute i den fantastisk flotte naturen Noreg har å byde på. Her lærer ein praktiske løysningar om det å vere ute i skog og mark, samstundes som ein får respekt for det ein driv med. Lærdommen du i ung alder får gjennom 4H, er verdiskapande og vil vere til nytte når ein vert eldre og får praktiske utfordringar i til dømes arbeidslivet.

Ein annan fordel med å delta i 4H, er det sosiale. Det å kunne overnatte i telt ute i naturen saman med vener, er som ung ein stor opplevelse. Mange av oppgåvene ein får via 4H, er relatert til gårdsdrift. Dette er noko som gjev ein stor praktisk og teoretisk kompetanse vidare i livet.

4H har også mange oppgåver innandørs, slik som matlaging, maling av kunst og mekanisk arbeid.

Foto: 4H.no

 

Foto: 4H.no

 

Me finn på mykje gøy i løpet av året, til dømes skøyter, gokart, slalom, lasertag og bowling. I tillegg har me mange kjekke leirer.

 

 

Foto: Skjermdump Youtube.

 

Foto: Skjermdump Youtube

 

Foto: Skjermdump Youtube

 

 

På Tysnes kallar klubben seg for Uren Luren, og dei har tidligare hatt arrangement for Sunnhordaland med heile 70 deltakarar. Her var det moglegheit for kurs, scrapbooking, ridning med hest, kanopadling, fisking, klatring og volleyball.

4H-klubben er styrt av medlemmane sjølve. Medlemsavgifta er kr. 600 i året.

 

I løpet av året skal ein gjennomføre eit valgfritt prosjekt, sjå heimesida til 4H her! 

Fyrste medlemsmøte vert onsdag 6. februar kl. 17.30 til 19.00 i Tysneshallen.

 

Meld deg på via mobil: 94194525