Kor-i-fokus

Publisert av:
22/3/2010 19:54

Dagen starta med øving i lag med 40 andre barnekor! Det blei til saman over 800 barn. Vidare var det minikonsert for kordeltakarane med Hanne Krog og Jørgen frå melodi grand prix junior! Det var og konsert på Knarvik senter før me var klar til den store konserten kl. 16.00.

Det vart ein flott konsert for over 1000 tilhøyrarar! Det er mektig og flott med song av 800 glade og flinke barn. Det var mange stolte foreldre med tårer i auga i salen.

Høgdepunktet var sjølvsagt møte med Jørgen frå junior grand prix. Då var stemninga til å ta og føle på. Me var med Jørgen og song vinnarsongen: ”Tenker du på meg”. Det var ei stor oppleving. Det blei og ”La det svinge” med Hanne Krog, song saman med Gabrille frå X-faktor og med Marianne Hiis Ånestad som er leiar for Oslo Soul Children. Ho har skreve mange flotte kristne barnesongar.

På ferja heim var det mange trøytte, men nøgde barn! På øvinga neste torsdag, skal me ha ei oppteljing på kor mange som har drøymt om JØRGEN frå melodi grand prix.