Konsert

Publisert av:
25/9/2014 12:53

Tittelen på kvelden er Frå Vinskvetten via Queen til Elvis.

Dette er ein Draumekonsert der Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping er med og støttar konserten.
Dei støttar konsertar der andre enn korpset deltek, og me var blant dei heldige som vart trekkt ut denne gongen.

Det er mange songtalent på Tysnes, og denne gongen er det Eirik Dalland og Jenny Kjellevold som er med i tillegg til tidlegare volalist i Gruppesax Reidar Sakseide.

Det blir full band med musikarar frå Fitjar og Hodnelandsfamilien.Tysnes musikklag kan garantera ein kjempekveld som vil passa for alle som er glad i god musikk og god stemning.

Ikkje nøl med å setja av neste laurdag i vonheim.