Tysnesmeisterskap i bowling

Tysneshallen
23. april kl. 18:00

Den opne Tysnesmeisterskapen i bowling vert skipa til tysdag 23. og onsdag 24. april.

I år vert det ei omlegging i forhold til tidlegare år. Dei siste åra har det delteke over 20 personar, og då vert det trangt og mykje venting.

23. april skal alle spela to seriar. Påmeldingsavgift kr. 100. Deltakarane vert delt i to grupper, der ei gruppe byrjar kl. 18.00 og den andre kl. 19.30. Me ønskjer at deltakarar nyttar førehandspåmelding til helge.hauge@haugnett.no eller 996 40 123 innan 21. april. Melding om kva gruppe ein er plassert i, kjem 22. april.

Deltakarar som ikkje er førehandspåmeldte, speler kl. 1930.

I pausen mellom dei to gruppene, om onsdag 23., vil vinnarane av dei tre divisjonane få pokalar.

Dei tolv med høgast pinnefall går vidare til sluttspel onsdag 24. april med start kl. 1800. Her speler alle to seriar, og dei tre beste speler til slutt tre seriar, ein på kvar bane. Avgift kr 100,-

Me håpar lagleiarane gjer dette kjent blant spelarane og andre interesserte.

Helge Hauge