PROGRAM FOR TEMAKAFE SUNNHORDLAND VÅREN 2019
Her er vårens program for Temakafe Sunnhordland. Me håpar det fell i smak! Som de ser prøver me å variera mellom faglege og kulturelle emne. Hvis de har kommentarar til programmet eller ønske om tema er det berre å ta kontakt med oss i frivilliggruppa.
Alle kafeane finn stad i kantina til Stord kommunale rehabiliteringssenter i Lønningsåsen 9 på Leirvik, MED UNNTAKT AV TORSDAG 28.03.19. Her vil me laga til ei litt større tilstelning der me treng eit større og meir eigna lokale. Dette vil bli annonsert i god tid på førehand.
Første temakafe i år finn stad torsdag 31.01.19, der me får besøk av sogeforteljar Halvard Wiik frå Fitjar. Han vil underhalda oss med humoristiske historiar frå eige liv.
Vel møtt alle saman.