SUPERMÅNDAG med fiks ferdig middag

Kyrkjeståvo
16. juni kl. 15:30

Me som driv kyrkje på Tysnes inviterer til familiemiddag, gryterett og ris, måndag 16. juni frå kl 15.30-17.30 i Kyrkjeståvo.

Kom til ferdigdekka bord og nyt ein ferdiglaga middag og kaffi saman med mange andre; store og små! De kan sjølv velja når de vil koma, og de kan gå når det passar.

Me tenkjer dette som eit handslag i ein travel kvardag og som ein møteplass på øya vår.

Fordi det skal lagast mat treng me påmelding innan fredag 13. juni. Dette kan du gjera ved å venda deg anten til kyrkjekontoret, eller prest Marit.

Prisar:

Barn: kr 25,-

Vaksne: kr 50,-

Familie: maks kr 150,-

Påmelding innan 13. juni til me289@kyrkja.no eller tlf. 41 26 28 44