Spelet om Olavsgildet

Kulturkyrkja på Onarheim
29. juni kl. 16:00

Premiere

Endeleg kan du få sjå Johannes Heggland sitt spel om Olavsgildet – i ny versjon!
Heggland skreiv det historiske spelet “Olavsgildet på Onarheim” i 1999, men det blei aldri sett opp i si fulle lengd. I år feirar Tysnes kommune Heggland sitt 100-årsjubileum med stort program laurdag 29. juni, og i det høvet har kommunen bede Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum, om å omarbeida manuset til eit barne-og familieteater. Stykket er blitt ein fargerik musikal på nær 1 1/2 time med 24 aktørar og songarar, 10 musikarar og 12 koristar i sving. Nye songar og ny musikk er komponert, og lokale frivillige har bidratt i alle ledd, m.a. med prosjektleiing og sying av kostymer. Musikalsk leiar er Yngve Nikolaisen, regi er ved Johanne Øvstebø Tvedten. Få med deg denne stemningsfulle og innhaldsrike musikalen!

Bilettar kan kjøpast her.

Buss må tingast på førehand på tlf 975 59 999 / 995 78 045
Bussavgang frå Våge kai kl 14.30, via Lunde/ Årbakka.

Kun avtalte stopp langs ruta.

Me oppmodar om å nytte busstilbodet så langt råd er, då det kan oppsstå vanskar i trafikkavviklinga mellom framsyninga.