Avlyst pga dårleg vêr! Søndagstur til Såto med Os Turlag

25. mai kl. 00:00

Vi skal “bestige” Tysnessåta. 753 moh saman med Os Turlag.

Oppmøtetid er 10:20 på parkeringa i Solheimsdalen.

Me går samla frå parkeringsplassen og inn på skogsvei, etter skogsveg tar ein inn på sti. Det er fin utsikt ned mot Dalsætervatnet og sørover mot Sunnhordland. Over skoggrensa kan det være nokon våte parti. Siste oppstigning til toppen er bratt, men grei sti. Frå toppen er det ei fantastisk utsikt. Ned att går me via Gjerstadstølen ein noko lengre retur, men i flott turterreng.

Det tilråast å gå i fjellsko, der er nokre myrparti vi skal gå over. Varme vind- og event. vanntette klær alt etter vermeldingane. God nista og drikka. Vi kan fylle vatn i starten, ellers ikkje høve før vi er ned att frå Såta.

For dei som reiser frå Os er det avreise fra Os Næringspark kl. 9.00 til Halhjem for ferje til Våge.

Turleiarar Åse Enes frå Tysnes Turlag og Kåre Nytræ frå Os turlag