Sogesoddet 2019

Tysnes Bedehus
8. desember kl. 15:00

Tysnes Sogelag inviterer til det årlege Sogesoddet søndag 8. desember kl. 15.00

Stad: Tysnes bedehus.

Program: Føredrag ved Lars Ænes. Han vil snakka om historia til Tysnes Kraftlag. Utdeling av Sogeskriftet for 2019 + Tysnes Sogelag sin kalender for 2020.

Sogelagsprisen, prisen for beste innslag i Sogeskriftet for 2019, vert også delt ut denne dagen.

Høgdepunktet vert sjølvsagt sogesoddet. Som i fjor så er det Kaare Malkenes som vert kokken, og då veit me at det vert eit velsmakande måltid. Kaffi + kaker vert det også.

INNGONGSPENGAR KR 100,-

Vel møtt!
Tysnes Sogelag.