NM-Senior Pitch & Putt 2018

Dalen Golf
27. mai kl. 10:00

NM Senior 2018 Pitch & Putt – Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane (Turneringa inngår i Order of Merit).

Tidspunkt: Søndag 27. mai 2018 kl. 10.00

Meisterskapet vert spelt i 1 klasse som slagspel netto (HCP) over 2 rundar, begge på 18 hol. Aldersgrense for å kunna delta er at ein må vera fylt 50 år innan utgongen av 2018. Dette gjeld for både damer og menn. Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA. Ved lik score etter 36 hol vinn den med lågast HCP. Dersom det framleis er likt, vert det omspel på hol 18 til ein meister er kåra.

Endeleg timeplan for dagen vert sett når antal deltakarar er klart.

Premiering: Dei 6 beste på nettoscore og den med best bruttoscore.

Startkontingent: Kr 300,- pr. deltakar (inkl. enkel servering og avgift OoM). Betaling ved oppmøte/registrering. Frammøte seinast ½ time før start. Startkontingent inkluderer eventuell treningsrunde fredag.

Påmelding: Innan 23. mai på e-post til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977 eller 97155256, gjerne samla frå den enkelte klubb.

NB !! Fredag 25. mai vert det 18 hols NMO-/OoM lokalturnering på Kristornskogen, Stord. (Ca. 1 time frå Dalen Golfbane). Laurdag 26. mai går Vestlandsmeisterskapet og mandag 28. mai er det 18 hols OoM lokalturnering på Dalen Golfbane.

Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal. www.tysnesgolf.no