Kulinarisk heilaften med Ørjan Johannessen på Mandelhuset

Mandelhuset
22. februar kl. 18:00

Velkomen til ein kulinarisk heilaften på Mandelhuset med vinnaren av Bocuse d’Or i Lyon, Ørjan Johannesen. Kvelden blir ein festmiddag av fem rettar, basert på råvarer frå Tysnes.

Ørjan Johannessen, er frå Austevoll og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri.  Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon! Me gledar oss til å sjå kva han gjer med råvarane frå Tysnes.

Pris meny: 890,-
Pris drikkepakke: 690,-
Pakkepris: 1400,-
Bestill på epost: booking@mandelhuset.no