Kom Deg Ut Dagen

Solheimsdaglen
2. februar kl. 12:00

Du er velkommen til Solheimsdalen på KOM DEG UT DAGEN søndag 2.feb frå kl 12.00!

Me kjem til å ha natursti i løypenettet rundt varmestova, der det blir premiering til borna :)

Tysnes Turlag stiller med bålpanne med kaffi, varm saft og mat ved varmestova, men ta gjerne med din eigen mat som du kan laga saman med oss.

Parkering på parkeringsplassen på Skjolda.

Kle deg etter vèret, ta med deg godt turhumør, og kom og bli kjent med det nye turlaget!  :D

Arrangementet er gratis for alle!