Introkurs/Våttkortkurs

Årbakka Handelstad
15. mai kl. 15:00

4-timers Introkurs/Våttkortkurs på Årbakka Handelsstad, Tysnes!

Selvfølgelig blir det Introkurs på Tysnes i år også, sjølv om kurset no i Påska måtte avlysast pga dei nye korona-smittevernstiltaka 😉
Eg kjem til Årbakka Handlesstad lørdag 15. mai så då kan du ta Norges Padleforbunds 4-timers Introkurs!
Og du får Våttkortet rett i hånda etter kurset!
Vi møtes ved Årbakka Handelsstad på Tysnes kl 15 og held på til kl 19 med å øve inn smart padleteknikk, får lært kordan du bruker åra og kroppen til effektivt å manøvrere den fem meter lange kajakken, og såklart blir det redningsøvelser til sist, der du ser kor lett og raskt det er å redde både deg sjølv og ein velta padlekamerat.
Redninga tar mindre enn eit minutt, og kan du redning, ja så blir det mykje kjekkare å padle kajakk! Eg lover!
Padling er noko du kan drive med heile året og gir deg alt fra stille friluftsliv, trening, og WOW-opplevelser, til meditativ aktivitet, lokalkunnskap og nye venner!
Og med det sagt så er det kjempeflott å komme i gang tidleg i sesongen, så har du heile den deilige forsommaren å nyte denne stille aktiviteten og bli god framover mot sommaren 😊
Dette Introkurset er for deg som
-“alltid” har hatt lyst til å prøve kajakk.
-vil begynne å padle og trenger ein gjeng for å komme i gang
-vil friske opp gammal padlekunnskap
-vil friske opp redningsteknikkene etter eit velt
-vil begynne med padling i trygge rammer
Du treng altså aldri å ha sittet i ein kajakk før for å ta dette Introkurset, så her har du muligheten til å starte på ein sosial aktivitet du kan drive med heile året og heile livet!
Eg har med padledrakt, sko og vestar til deg som ikkje har sjølv eller kan låne hos ein venn.
Eg har berre med to kurskajakkar denne gongen, så det beste er om dere tar med kajakk til kurset. Lån av ein nabo, ein venn, eller vennen til naboen, eller dere kan leige av Rebekka Høgestøl på Årbakka Handelsstad, eller i Båtlaget på Våge dersom dere er/blir medlem der.
Koronatiltak:
Kurset vil gjennomførast heilt i tråd med dei siste koronasmittevernstiltaka frå Regjeringa, FHI, Norges Idrettsforbund og Tysnes kommune. Alt utstyr eg har med er vaska og spritvaska før bruk. Padledraktene har lagt ubrukt i minst 14 dager før kurset. Skulle det pga koronatiltaka ikkje vere mogeleg å gjennomføre kurset, vil heile deltakaravgifta tilbakebetalast.
Inkludert i deltakeravgifta (1310 kr/pers) er:
-4-timer padlekurs med innhold fastsett av Norges Padleforbund.
-Kursholdar er sertifisert i Norges Padleforbund.
-Du får Våttkortet frå Norges Padleforbund (verdi kr 100) rett i hånda ved kursslutt!
-Lån av padledrakt, padlesko og vest.
-Personleg oppfølging under kurset.
-Bilder frå kurset til fri bruk.
-Porsjonspakka forfriskningar undervegs i kurset.
-Ein kopp varm kakao etter at vi kjem i land igjen.
-Ein sosial kursdag med masse latter og læring!
Påmelding:
Meld deg på direkte til meg på laila.reigstad@gmail.com.
Bindande påmelding.
Informasjon om oppmøte, lokalitet, bevertning, bekledning, betaling og oppdaterte, dagsaktuelle koronatilpassingar, sendast til deg på epost i forkant av kurset.
Kurset er mynta på voksne, og ungdom frå 15 år.
Minst 5 påmeldte, maks 8 påmeldte for at kurset går.
Innhold:
Løfte, bære og sjøsette kajakk.
Sittestilling og korleis du holder åra
Grunnleggande padleteknikk
Stoppe/Unnamanøvrere
Effektiv svinging av kajakken vha ror, åre og kroppen
Bakoverpadling.
Velte med vilje.
Bli reddet av ein padlepartner.
Redde ein padlepartner.
Redde deg sjølv.
Ilandstigning.
Kryssing av skipsled.
Innføring i korleis ein kan auke sikkerheten ved padling.
Kva som er lurt å ha med på korte padleturer.
Kjennskap til lokale padleforhold.
Eg er utdanna aktivitetsleder i havkajakk innanfor Norges Padleforbund, og holder Introkurs (4t) og Grunnkurs (16t) i havkajakk heile året, både på Tysnes og ved min base på Sotra/Øygarden.
Og du, dagen etter, søndag 16. mai tilbyr vi padletur kombinert med yoga utendørs! Oppmøte på Årbakka Handelsstad då også 🙂
Og du får ein god deal om du melder deg på både kurs og kajakk&yoga samtidig 🙂
Les gjerne her:
https://fb.me/e/3zaedZUqb
Velkommen til ein munter og lærerik ettermiddag ved Årbakka Handelsstad,
-med lattergaranti såklart!