Idrettsmerkeprøve

Tysnes skule
26. september kl. 18:00

Eitt av dei sportslege  innslaga på Tysnes om hausten er idrettsmerkeprøvane i Tysnes idrettslag.

Det er framleis nokre som har interesse av denne fysiske utfordringa. No kan desse gjera seg klara, for onsdag og torsdag i inneverande veke (25. og 26. september) blir det høve til å ta prøvane. Som tidlegare år er arenaen idrettsbanen ved Tysnes skule. Begge dagar kl. 18.00.