Fredag 20. september er det igjen tid for drop-in-dåp i Tysnes kyrkje kl. 15.30-17.30.
Drop-in-dåp er akkurat slik det høyrest ut som – kom som du er og bli døypt. Du treng ikkje planlegga noko, og alder spelar ingen rolle. Ung eller gammal, truande, tvilande eller leitande… Alle kan komma og bli døypte Me kan ordna fadrar der og då, men ynskjer du å ta med eigne fadrar, eller andre vener, er det berre fint.
Drop-in-dåp: Heilt enkelt, like stort!
Meir informasjon finn du på tysnes.kyrkja.no