Babysong er ei fellesstund med song, dans og leik for og med dei små på ca. ein time.
Etterpå blir det ei enkel servering og tid til prat før me går heim kvar til vårt.
“Trusopplæring er meir enn å besøkje kyrkja- det er å koma ein stad ein høyrer heime!”
Me gleder oss og voner de kjem ein tur.