4-timars Introkurs i kajakk Norges Padleforbund

Våge havn
27. oktober kl. 16:30

Padlesesongen er jo ikkje over i det heile tatt sjølv om det er seinhøst!

For å prøve å overbevise deg om at Tysnes er perfekt for padling heile året, så tar eg med meg ein haug med tørrdrakter og padlesko, og held Introkurset i havkajakk til Norges Padleforbund på Våge, rett og slett.

Vi møtes ved marinaen på Våge kl 16.30 og fram til kl 20 øver vi inn smart padleteknikk, får øvt inn kordan du bruker åra og kroppen til effektivt å manøvrere den fem meter lange kajakken, og til sist lærer du redning av både deg sjølv og ein velta padlekamerat. Redninga tar mindre enn eit minutt, og kan du redning, ja så blir det mykje kjekkare å padle kajakk! Lover!

Du får Våttkortet til Norges padleforbund rett i handa etter endt kurs på Våge.

Og allerede her og no får du min anbefaling å hive deg med i padlegruppa til Tysnes Turlag etter å ha tatt Introkurset! Dei padlar til faste tider og gir ein unik mulighet til å finne ein sprudlande gjeng å padle sammen med gjennom heile vintersesongen!
Padling er nemleg noko du kan drive med heile året og gir deg alt fra stille friluftsliv, trening, og WOW-opplevelser, til meditativ aktivitet, lokalkunnskap og nye venner!

Dette Introkurset er for deg som
-vil begynne å padle og trenger utstyr og ein gjeng for å komme i gang
-vil friske opp gammal padlekunnskap
-vil friske opp redningsteknikkene etter eit velt
-vil begynne med padling i trygge rammer
Du treng altså aldri å ha sittet i ein kajakk før for å ta Introkurset, så her har du muligheten til å starte på ein aktivitet du kan drive med heile året og heile livet

Eg har med tørrdrakt, sko og vestar til deg som ikkje har sjølv eller kan låne, og eg har med nokre kajakkar. Det betyr at du helst må ha med eigen kajakk eller låne ein kajakk å ta med. Det er mogeleg å leige kajakk i Njord Båtlag på Våge for 200 kr. Kontakt på mobil 93454106 for henting.

Alt utstyr eg har med er vaska og spritvaska rett før bruk.

Inkludert i deltakeravgifta (1290 kr/pers) er:
-4-timers kurs med innhold fastsett av Norges Padleforbund.
-Våttkortet frå Norges Padleforbund (verdi kr 100) rett i hånda ved kursslutt!
-Lån av tørrdrakt og padlesko
-Personleg oppfølging under kurset
-Bilder frå kurset til fri bruk
-Porsjonspakka forfriskningar undervegs i kurset
-Ein kopp varm kakao etter at vi kjem i land igjen.
-Ein sosial kursettermidddag med masse latter og læring!
-Sertifisert kajakkinstruktør innen Norges Padleforbund

Innhald:
Løfte, bære og sjøsette kajakk.
Sittestilling og korleis du holder åra
Grunnleggande padleteknikk
Stoppe/Unnamanøvrere
Effektiv svinging av kajakken vha ror, åre og kroppen
Bakoverpadling.
Velte med vilje.
Bli reddet av ein padlepartner.
Redde ein padlepartner.
Redde deg sjølv.
Ilandstigning.
Kryssing av skipsled.
Innføring i korleis ein kan auke sikkerheten ved padling.
Kva som er lurt å ha med på korte padleturer.
Kjennskap til lokale padleforhold.

Påmelding:
Meld deg på til meg på laila.reigstad@gmail.com. Bindande påmelding. Informasjon om oppmøte, lokalitet, bevertning, bekledning og koronatilpassingar, samt faktura, sendes til deg på epost. Kurset er mynta på voksne, og barn over 14 år.
Eg er utdanna aktivitetsleder i havkajakk innanfor Norges Padleforbund, og held Introkurs (4t) og Grunnkurs (16t) i havkajakk heile året, både på Tysnes og ved min base på Sotra/Øygarden.

Velkommen til ein munter og lærerik kursettermiddag ved Våge
-med lattergaranti såklart!

Link:
https://fb.me/e/1zMTOb8XR