Kajakktur i 1942

Publisert av:
4/10/2009 19:23

Det er i dagens BA under spalta “Den gang da” at ein person etterlyse padlekameraten sin frå 1942, som då var 17 år. Dei to gutane hadde ein tomanns turkajakk dei brukte på den to veker lange turen Bergen – Sunde i Kvinnherad tur/retur.

Den eine av dei to gutane hadde ei jente i “kikkerten” på Sardinfabrikken på Sunde, og difor la dei i veg. I artikkelen under bilete frå Lukksund står det at gutane måtte stoppa for å ausa kajakken. Ei skøyte som kom forbi, laga så store bølgjer at kajakken vart fyllt med vatn.

Kartet under, saksa frå BA, viser ruta dei la ut på, samt nokre bilete frå dei ulike plassane dei kom forbi.