Heile landet syng “Ja, vi elsker” på 17. mai

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/5/2020 06:57

Kultur- og likestillingsminister, Abid Q. Raja, oppfordrar alle til å vera med å synge “Ja, vi elsker” på 17. mai.

Sjølv om 17. mai feiringa vert annleis i år, skal me framleis heidre Grunnlova, fridomen og demokratiet vårt, kan ein lesa på Regjeringa si nettside.

Klokka 13.00 blir det salutt frå ni av Forsvaret sine anlegg, frå Fredriksten festning i sør til Vardøhus festning i nord.

Rett etterpå, er oppfordringa at alle går ut og syng nasjonalsongen samstundes.

Du kan lesa meir her.

Korleis feirar du 17. mai i år? Send gjerne inn bilder til Tysnesingen, frå heile øya.

GRATULERER MED DAGEN!