Handballkampar i hallen laurdag 9.november

Publisert av:
13/11/2013 08:43

Gutar 16 møtte Sotra i dobbelkamp på laurdag.
Begge kampane leia Tysnesgutane etter fyrste omgong.
Men i andre omgong i begge kampane blei Sotra for sterke og vann 19-11 og 21-14.
Saknet av Elvis Kalvans har vore stort, og dei ser fram til han kjem tilbake i neste kamp.

Desse var med; Henrik Epland,Olai Hollekim,Lars Even Stue,Eivind Martinsen,Fredrik Ludviksen,Bjørn Ove Tjelta,Vegars Kleppe,Mathias Helland,Brede H. Hope,Marius Tysnes, Håkon Kongsvik, Håkon Knudsen.

Jenter 13 møtte også Sotra, og det blei ein veldig jevn kamp. Det stod 5-5 ved pause, til slutt klarte Sotra å vinna med eit mål 15-14.

Desse var med; Lena Nordal, Kathrine Kongsvik,Vilja Reiso,Kjersti Langeland,Malene Tysnes Sara Vee, Ayleen Hagen, Kaisa Espevik,Annike Dalsgård,Tea Kleppe.
Malene og Ayleen var toppskorarar med fem mål kvar.

Jenter 15 møtte Bergen , og dette var ein kamp som aldri var spennande og som Tysnesjentene styrte heilt som dei ville. Pauseresultatet var 21-6!!

Utover i andre omgong tok Bergen innpå, men det var aldri tvil om kven som kom til å vinna kampen. Toppskorar hos Tysnesjentene var Ina Borlaug med 16 mål.

Damelaget møtte Nordre Holsnøy og var ein viktig kamp for å halda kontakt med øverste del av tabellen. Desse laga har tidlegar spela jevnt med kvarandre, men denne gongen såg det ut som Nordre Holsnøy kom til å vinna.

Det stod 9-13 ved pause, og når halvspelt andreomgong var det også fira mål under.

Men så skjedde det noko med Tysnesdamene. Det sista kvarteret vart eit fyrverkeri av ein kamp, måla trilla inn og Ragnhild stengte målet til Tysnes.

Det vart ein veldig stemning på tribunen, og det var kjekkt å sjå at spelarane takkka publikum for hjelpa. Kampane vann dei med overbevisande 24-18.Me gler oss til neste heimakamp.

Desse var med; Ragnhild Dalland,Eirin K. Dalland,Agnethe Flakke,Silje Helland,Isabel R. Vik,Linda Flornes,Sara Elisabeth Stue,Linn Bergesen,Renathe Hagen Lunde,Malin Kongsvik,Cecilie F.H. Hansen og Lovise Dalland.

Tekst: Lars Petter Epland
Foto: Monica Døssland Epland