Halloween elevkveld

Publisert av:
27/10/2010 20:54

Det er Halloween tid og dermed vart ungdomsskuleelevane inviterte til elevkveld som 10.klassen stod som arrangør for.

Enkelte hadde lagt ned stor jobb med kostyme, medan andre kom som dei pleier.

Det var underhaldning i form av ein bytte-kle leik, og sjølvsagt dansing i siste del av kvelden.

Innimellom var det råd å få kjøpa seg sjokolade, pizza og brus.

Inntekta frå elevkvelden vil gå til 10.klassen sin klassetur til våren.