G 16

Publisert av:
14/9/2015 15:25

Njardar/Tysnes reiste til Bremnes med redusert mannskap laurdag, 12/9, og laget måtte reisa heim att med 1 -12 i bagasjen.

Resultatet ved pause var 3 – 0. Kampen var eit steg tilbake i forhold til oppgjeret mot Trio/Halsnøy. Framover på banen vart presset på heimelaget svakt, slik at dei fekk byggja opp spelet utan å verta hindra. Dermed vart det ein forsvarskamp for Njardar/Tysnes, og utan ein god Elvis i mål kunne det sett verre ut.

Desse var med: Elvis Kalvans, Mattis Utne, Karl Henrik Helgesen, Viljar Kaldefoss, Amalie Tysnes, Einar Stikholmen, Elias Jordal, Sjurd Pedersen, Alf Inge Stue, Kristoffer Rojas, Oscar Luth-Hanssen, Remy Gundersen og Knut Jørgen Nesland

Tekst: Njardar/Tysnes