Friviljugfest etter Tysnesfest

Publisert av:
25/8/2012 09:08

Alle som var med og hjalp til, enten i form av dugnadsarbeid eller med anna. Til dømes utstyr, stilte eigedom, hus, hytte eller naust til disposisjon for festivalen, meld deg på og kom til eit hyggjeleg lag der alle kan skryta av kvarandre.
Det du treng å veta er:
-Festen blir i Vonheim 1. september klokka 18.30
-Me som arrangerer sørger for at føresetnader for trivsel er tilstades
-Mandelhuset vil levera både mat, reker og salat
-Det vert sal av drikke til både køyrande og passasjerar
-Til maten får alle kvar sine 2 drikkebongar

Det blir eit underhaldningsopplegg med oppsummering av årets festival med både bilete og film!
Dessutan kjem den eineståande Egil Olsen for å spela! Han hadde fleire konsertar i Bermudateltet under Tysnesfest, og har sagt seg viljug til å kasta litt glans over dykk friviljuge denne dagen!

Dette vert heilt sikkert ein rasande kjekk kveld!
NB! Dei under 18 er med fram til klokka 23.00.
Meld deg på til synnve@tysnesfest.no  – eller sms til 90152340.
Påmeldingsfrist: 28. aug.
Velkommen!
Beste festival helsingar frå styret i Tysnesfest.