Publisert av:
16/5/2011 21:22
Engelsk og matte
Fredag fekk sisteårs elevane veta kva dei kom opp i til skriftleg eksamen. 10 A skal opp i engelsk, medan 10 B kom opp i matte.
Språkfag er i år digital eksamen medan matte er vanleg eksamen.
Eksamensdag for 10 A i engelsk vert torsdag 19.mai. Matteeksamen for 10 B vert fredag 20.mai.
Det er tysnes.skule.no som melder dette.