Dårleg mobildekning

Publisert av:
30/1/2016 13:40

Telenor melder at det er registrert feil i nettet.

Ein jobbar med å retta feilen, men det er vanskeleg å seie eksakt kor tid dekninga vil være tilbake for fullt.

Det er meldt inn mange feil etter uvèret og Telenor har sett inn ekstra beredskap fleire stader som jobbar med å lokalisere og få retta feila så fort som mogleg.

Telenor beklager ulempene dette medfører.