Brann på Sjukeheimen

Publisert av:
27/9/2014 15:24

Brannen skal ha starta i gardiner inne på eit av bebuarromma i følgje Hordaland brannvesen. 

Ca. 1630 vart brannen slukka og under kontroll melder brannmannvesenet. Brannen vart avgrensa til det eine rommet. Dei fyrste meldingane går heldigvis ut på at det er kun små personskadar. 

Personen som opphaldt seg på dette rommet vart teken ut av en sivil person som har gjort ein kjempejobb, seier brannsjef Torfinn Kongsvik i Tysnes Brann og redning til BA.no.

Det er snakk om lettare røyk og brannskadar på ein person melder Bjarte Rebnor i Hordaland Politidistrikt.

Utover kvelden vert det etterkontroll/ sikring og lufting av bygget.