Blues-konsert på Nesse Gard, 10 meter over bakken

Publisert av:
22/4/2010 05:49

Musikkprodusent HP Gundersen tek med seg eit stjernelag av bergensmusikarar og arrangerer silokonsert på Neshamn. Jørgen Sandvik`s bluesband heiter dei og vil entre “surhå-blues-arena” med “velsmakande” tonar. Roald Nesse er konsertarrangør og håpar på stor oppslutnad. – Jo meir folk, jo meir happy vert me!
 
15.mai er datoen der dei glade tonane spres ut over Nesse Gard og klokkeslettet for konserten er: 1800-2200.
 
HP er musikkprodusent og driv Gjøa studio i Bergen. Her har han produsert eliteserien av norske musikarar; Madrugada, Delillos, Sondre Lerche og Nathalie Nordnes.
 
Før konserten vert det kunstutstilling kl. 1600 i den tidlegare møkakjellaren i løa. Kunstnaren som stiller ut, er også frå Gundersen-slekta. Tulla Gundersen er kona til bror til HP.
 
Ta med deg naboen, slekt og venner!!
Velkomne skal De vera til  “silo-blues” på Nesse Gard!!