Artistslepp frå Tysnesfest!

Publisert av:
7/4/2016 06:59
MK`s Marvellous Medicine
«Der MK’s Marvellous Medicine spelar, vert det snakka høgt om eit uvanleg talent», skriv Dagbladet. NRK Radio Rock har vist si begeistring fleire gonger. Dei kalla debuten eit «solid sveinestykke». Bluesnews trekker fram bandet som ein fornyar av bluesen på linje med White Stripes sin fornyelse av rocken! Bergen Live spår at trioen vil setja sitt preg på musikkåret 2016!
Det er sjølvsagt solisten, Marie Kristin Dale, som er midtpunktet i MK’s Marvellous Medicine. Hennar ferdigheiter som gitarist er åleine gode nok til å skapa ein karriere. Legg til hennar soul-inspirerte song, låtar og bandleiareigenskaper, så har du supertalentet fra Bergen.
MK’s Marvellous Medicine platedebuterte sommaren 2014 med singelen «Into The Sunset/Chasing Life». Debutalbumet kom 29. januar 2016.
Fyrste singel frå albumet var «When You’re Young». Den blei A-lista på Ordentlig Radio og ble nr.1 Topp 40 listen til Radio 102 i Haugesund.
 
Big Men Bluesband
Tysnes bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest “tyngde” i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving. Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskt dei velkomen att! Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år no, at me synes det er svært naturlig å invitera dei til vårt 10 års jubileum.
Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.
 
Reidar & De
Reidar&De spelar fengande 70`talls inspirert Rock&Roll med norske tekstar. Tekstane handlar framleis om kvardagslege ting men utan “bedøvelse” og forkledning. Her er det høg allsongfaktor med tekstar som dei fleste kan kjenna seg igjen i. Bandet har ein besetning med erfarne musikarar frå øvste hylle, og merittlista til bandmedlemmene er lang. Dei kjem med ny plate som vert sluppe 14. mai 2016 på Madam Felle i Bergen. Me føler verkeleg at dette bandet kan gje Tysnesfest noko nytt og spanande. Her lovar me skikkelig trøkk og ekte Rock&Roll.
[youtube]ma3avSH0m0k[/youtube].