Tysnes Fysioterapi

Klinikken har lyse og hyggelege lokale ved Våge kai i Tikobygget,
3.etasje (inngang frå baksida) med herleg utsikt over båthamna. Fysioterapiklinikken har felles inngang og venterom med
Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

Behandlingstilbodet er breidt, og ein tek i bruk nyare, anerkjente behandlingsmetodar som til dømes trykkbølgebehandling.
Elles brukast blant anna Skanlab vekselstraum og laser.

Fysioterapi-klinikken innehar to separate behandlingsrom for
individuell behandling samt eit velutstyrt treningsrom med eit
godt utval av utstyr spesielt tilpassa rehabiliteringsbehov,
som fleire toppmoderne HUR treningsapparat.

Fysioterapeuten ved klinikken, Ingunn Langlo, har Helfo-avtale. Pasientar har dermed alle aktuelle trygderettar i samband med behandling.

 

Frå nyttår 2018 vart det innført rett til direkte-tilgang hos avtalefysioterapeutar slik at trygderettane gjeld også når pasientar kjem utan henvisning.

 

Adresse:

Tikobygget, Teiglandsvegen 3

5680 Tysnes

 Ope: alle kvard. 8.15 – 15.30