17. mai sending på tysnesbladet.no

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/5/2020 07:03

I dag vert det ei videooverført 17. mai sending på bladet “Tysnes” si nettside frå klokka 10.00.

17. mai komiteane har gått i lag med Tysnesfest Media, slik at alle kan få sjå korleis feiringa er rundt i kommunen.

Avisa skriv på nettsida si at sendinga vil innehelde både direktoverføring med kransenedlegging, diktlesing og musikalske innslag frå minnestøtta ved Tysnes kyrkje. Det vert og førehandsopptak frå andre bygder, og ein innspelt tale frå ordfører Kåre Martin Kleppe.

Du kan lesa meir på tysnesbladet.no