10 års jubileum

Publisert av:
12/9/2010 09:41

12.september 2000 vart Tysnesingen.com, som den heitte den gongen, lagt ut på internett. Dei tre karane Kato Stien, Oddvar Thuen og Gunnar Hansen var grunnleggjarane av denne lokale opplysningssida på nett.

Det har ikkje vore drift ti år i strekk. Etter to og eit halvt år vart sida lagt ned på grunn av for mykje arbeidspress og dårleg økonomi i prosjektet. 17.mai 2004 starta Gunnar Hansen sida opp att som Tysnesingen.no på eiga hand og forutan eit opphald på tre månader hausten 2008 så er sida framleis oppegåande.

Antal timar på fritida eg har lagt ned i Tysnesingen desse ti åra vågar eg ikkje tenkja på ein gong. Det siste året har heldigvis folk blitt mykje flinkare å senda inn stoff, og utan desse bidraga ville ikkje aktiviteten på nettsida vore sopass så den er. Så håpar dette held fram!

Tysnesingen hadde i august 2010 gjennomsnitt på 2800 unike treff kvar dag, så det er vel eit signal om at dette er ei populær nettside for tysnesingar, utflytta tysnesingar og kanskje også hyttefolk? Så vil tida visa om Tysnesingen held fram i åra som kjem.

Her er nokre bilete frå sakene Tysnesingen skreiv om dei fyrste vekene etter oppstarten i 2000:

Og slik såg Tysnesingen ut då den vart relansert 17.mai 2004: