KORLEIS KJEM DU DEG TIL TYSNES?
VÅGE
Kjem du nord, frå Bergen, må du køyra til Halhjem og ta ferja til Våge (30 min.). I Våge ligg handelssenteret på øya og i forretningane her finn du m.a. daglegvarer, møblar, klede/sko, elektriske artiklar, bokhandel, husfliden, kunstgalleri (berre om sommaren), bank, post, bensinstasjon og ein stad å eta og drikka. Du køyrer nokre hundre meter gjennom sentrum før du kjem til ei rundkøyring. Alt etter kor du skal - Uggdal (til høgre) eller Lunde (til venstre) - så lyt du gjennom den.
HODNANES
Kjem du sør, frå Haugesund via Stord, går det ferje frå Jektevik (midt mellom Leirvik og Sandvikvåg) til Hodnanes ferjekai (10 min.) som ligg i Storevågen. Bortsett frå eit par nybygg som du ikkje ser frå vegen, så er dette kun ein ferjekai m/toalett, ikkje noko anna. Nokre hundre meter rett fram og du må svinga til venstre om du skal til Flatråker-Uggdal-Våge, men om du har planar om tur til Onarheim-Årbakka-Lunde er det berre å gje flat pedal rett fram nokre kilometer, før vegen smalnar noko inn her og der og du får verkeleg testa køyreeigenskapane dine. Her bør du ha god tid.. Dessutan er det mest 50-sone!
LUKKSUND
Kjem du austanfrå så har du mogleiken å koma over Lukksundbrua. Ja, me er faktisk landfast! Tre kilometer frå brua og du er på finaste plassen på øya, nemleg Malkenes - ytterlegare tre kilometer (du passerar Gripne Camping) og du er i Lunde. Du kan då svinga av til venstre for Årbakka-Onarheim-Hodnanes, eller køyra gjennom Lunde sentrum og vidare til Våge (ca 1 mil).
MALKENES
Snøggbåten har to stopp dagleg kvar veg på Malkenes. Dette er ein hendig måte å reisa på frå Bergen, Flesland, Os, Kvinnherad eller Stord. Det er heller dårleg med korrespondanse med buss til snøggbåten på Tysnes, så du lyt helst ha ordna deg med bilskyss på førehand.
For ferje-/buss-/snøggbåtruter, sjå: Tide.no
I tillegg leiger kommunen skyssbåten GodøysundEkspressen som fraktar skuleelevar og arbeidarar. Sidan Tysnes ikkje har vidaregåande skular, så er det oppretta ein skyssbåt som fraktar elevar tur/retur Våge/Os. Denne fungerar også som skyssbåt for arbeidarar på Rex Star Seafood på Skår, Reksteren.
og så...
OVERNATTING
Vel, dette kan vera litt problematisk for turistar som berre kjem til øya utan å ha planlagt noko overnatting. Det har tidlegare vore uttalt frå Turistinformasjonen (som ligg i Våge) til lokalavisa "Bladet Tysnes" at det er for lite ledige overnattingsstader, og turistar har vorte vist til andre kommunar. Godøysund Fjordhotel er tidlegast i drift i 2009-2010!
Der det kan vera ledige rom er hos Tysnes Sjø og Fritid (bilete) i Uggdal, men anbefalar at ein tar kontakt på førehand for å høyra om overnattingsplass.
Her er ein campingplass - Gripne Camping - nett innom Lunde. Dei har utleigehytter og teltplass. Hytter fins og hos Folgerø's Hytter på Dalen som også kan bidra med Golf & Driving Range, hos Roald Nesse på Neshamn, hos Arne Mæland på Årbakka og hos Lise Flatråker på Flatråker. Nede på kaien på Flatråker er det og utleige av ferieleiligheiter hos Hild Sundal. Fjord Ferie leiger også ut hytter. Aase og Kjell Hjertaker har også utleigehus, informasjon finn du på http://home.online.no/~aasetun/. Du kan også kontakte Heinzelnisse for kontakt om overnatting.
Frå 24.juli 2010 vil det vera ledige overnattingsplassar hos Galanten som ligg midt mellom Våge og Lunde.
MAT/DRIKKE
Skal du leska strupen med ein halvliter, er Mandelhuset rette plassen, ein koseleg pub som ligg ut med kaien i Våge, der du sikkert kan få deg ein matbete og. Ellers er det dårleg med kafétilbod i Våge, VELDIG dårleg faktisk! Sommarstid er Sjøbuo på Godøysund også ein alternativ pub. Tysnes Sjø og Fritid kan servera deg middag, og her er også mogleg å få seg ein skvett alkohol innabords.
UTELIV
Det er for det meste om sommaren at det er litt futt i utelivet på Tysnes. Ynskjer du levande musikk må du peila deg inn på Tysnes Sjø og Fritid. Før var det fast med dans annankvar laurdag, men no for tida er det meir uregelmessig.
På Mandelhuset glir det folk ut og inn fredag- og laurdagskveldane heile året. Av og til har dei live-musikk også på Mandelen. Sjøbuo har ope kvar kveld sommarmånadane, men det er nok mest folk i helgane der også.
For tenåringane er det Hemorini Super Disco i Våge som er tingen. I sommarferien er det disco annankvar laurdag, mens i skuleåret prøver dei å dra det i gong ein gong i månaden.
Turistinformasjonen ligg som nemnt i Våge, men er berre open sommarmånadane. Frå 2004 vert turistinformasjonen truleg i Essoen (like etter rundkøyring mot Lunde).
Attraksjonar
Ved Myrdal Gard bur den hollandske familien Muilwijk. Med eige geitehald produserer dei hollandsk geitost på garden. I Myrdal kan du også få ridetrening på hestane deira, og i tillegg vil dei kunna tilby deg friluftslivferie!
Myrdal Gard ligg tett opp under Tysnessåta, du har dermed kortast mogleg veg til toppen av Tysnes! Bilete til høgre ned mot Myrdal Gard er teken frå Tysnessåta.
Er du redd for brennmanet når du badar i sjøen?
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema