Sterkt av Pernilla
Pernilla i full konsentrasjon. Foto: Berit Joa

Sterkt av Pernilla

Fortjent 5. plass og ny pers under Nordenlandskap i Uppsala.

Av Av May Britt Meland
(Tysnesingen 12.02.18)

Personleg rekord

Pernilla Eugine Epland deltok på 3000m i Nordenlandskampen i Uppsala i Sverige 11. februar.

Stord friidrett fortel at den finske favoritten, Camilla Richardson, hadde eit høgt opningstempo. Pernilla greidde å henga med ca 1000m, som ho passerte på 3,06, men då vart det ei luke fram til tet kvartetten og Pernilla vart liggjande åleina resten av løpet.
Ho kom i mål på tida 9,29,24 min og satte ny personleg rekord med 1,34 sekund.

Motiverande

Pernilla fortel til Tysnesingen.no at ho synast det var veldig stas å få representere Norge.
Når det gjeld sjølve løpet synast ho det var greit. -En liten pers, så fornøyd med det.
- Å få være med på Nordisk landskamp gir også masse motivasjon til å fortsette å trene for å bli bedre.

 

Saksa frċ http://www.tysnesingen.no